Alle jenter og damer i Dahle IL og IL Nordlandet som er interessert i å spele fotball i 2020 er velkomne med på trening.
Vi trener på desse tidspunkta:
Tirsdag kl. 20:30-22:00 – Fotballhallen
Onsdag kl. 20:00-21:30 – Nordlandet Ungdomsskule (parkett)
Torsdag kl. 20:00-21:30 – Nordlandet kunstgrasbane
Tirsdag er i regi av J17 med Christina Sve Hagen og Samira Said som hovudtrenarar, onsdag er det lågterskeltilbod i regi av damelaget med Stian Edvartsen og Aleksander Bunes Stene som hovudtrenarar, og torsdag i regi av damelaget med Arne Olsen som hovudtrenar. Alle trenarane blir å sjå, også på treningane dei ikkje har hovudansvar for.
Det er altså tilbod for dei som ønskjer å trene ein gong i veka, eller fleire. Samt eit tilbod for forskjellige ferdigheitsnivå og alder. I slutten av januar melder klubbane på lag i seriespelet. Klubbane ønskjer å melde på eit lag i J17-serien og eit lag i dameserien, om dette blir 7-er, 9-er eller 11-er er avhengig av kor mange spelarar som ønskjer å delta på trening og kamp. Vi håper du er med - velkommen på trening!